Slik får du nye bossposar og sekkar frå NGIR

Den gamle måten å få nye bossposar og -sekkar hos NGIR er avslutta.

Det du no må gjere er fylgjande:

Knyt ein pose/sekk på handtaket på ein dunk (det er same kva dunk det er)
Då får du ein ny rull med posar/sekkar av same type som du har knytt fast i handtaket.
Hugs å be om nye før den gamle rullen er tom!

Du får óg få nye posar/sekkar hos gjenbruksbutikken på Hardbakke

NGIR har sendt ut ei pressemelding som forklarar meir om dette, pressemeldinga kan du lese her (PDF, 328 kB)