Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Renovasjon

Klikk for stort bilete Det er selskapet NGIR som hentar avfall i Solund kommune.
Ved henting av hushaldavfall er kommunen delt i to ruter, rute 721 (indre Solund) med hentedag tysdag, og rute 731 (ytre Solund) med hentedag onsdag. For begge rutene gjeld restavfall i oddetalsveker og papir/plast i partalsveker. Bioavfall vert henta kvar veke.

For meir informasjon sjå NGIR sine heimesider

Fakturering.

Det er NGIR som krev inn renovasjonsgebyret.
Frå 2021 får abonnentane 4 fakturaer i året i staden for 2 som tidlegare: februar, mai, august og november. Fakturaen vert sendt ut i starten av månaden med 21 dagars betalingsfrist.

Klasserte fritidsbåtar på avvege er eit forureiningsproblem.

NGIR har mottak om levering av båtvrak på gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen. Her kan du levere mindre fritidsbåtar utan innabords motor opp til 15 fot (4,57 m)

Du finn meir informasjon om ordninga her

Den gamle måten å få nye bossposar og -sekkar hos NGIR er avslutta.

Det du no må gjere er fylgjande:

Knyt ein pose/sekk på handtaket på ein dunk (det er same kva dunk det er)
Då får du ein ny rull med posar/sekkar av same type som du har knytt fast i handtaket.
Hugs å be om nye før den gamle rullen er tom!

Du får óg få nye posar/sekkar hos gjenbruksbutikken på Hardbakke

NGIR har oppretta gjenvinningsstasjon ved Solund Verft i Solund etter god dialog med Solund kommune og Solund Verft. Denne stasjonen erstattar rydderutene som tidlegare vart køyrd vår og haust. Abonnentane i Solund må med den nye ordninga sjølv levera avfallet sitt til stasjonen.

Set difor ikkje ut boss i grøftene.

Stasjonen vart opna 24. august 2019 og vil vera open kvar 3. laurdag i månaden frå klokka 09.00 – 15.00.

For meir informasjon, datoar m.m. sjå oversikt på NGIR sine heimesider

Dersom nokon har spørsmål om denne ordninga, ber ein om at spørsmåla vert retta direkte til NGIR, og ikkje til kommuneadministrasjonen i Solund.