Utlegging av eigedomsskattelister 2019.

Klikk for stort bilete

I medhald av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for år 2019, sak 047/18 og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars 2019.
Dette er lister som syner takstar både etter formuesgrunnlagsmetoden og etter alminneleg taksering, for alle eigedomar som har fått ein utskriven skatt.
I tillegg er kommunestyret sitt vedtak om for kva eigedomar som har fått fritak, lagt ut til offentleg gjennomsyn.

 

Skattelistene viser dei skattepliktige eigedomane sine matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), takstgrunnlaget, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.
Skattelistene er lagde ut på Solund kommune sitt servicekontor og er vedlagt på denne nettsida (sjå under). Dei vert liggande til offentleg ettersyn i 3 veker.

 

Skattesetlane vert sendt via digital post. Dei som ikkje har tatt i bruk si digitale postkasse, får skattesetelen via ALTINN eller direkte pr. brev, om ikkje skattesetelen er lest innan 2 dagar.

Eigarrepresentanten må syte for å orientere sine medeigarar om utskriven skatt, dersom ynskjeleg.


 

SSB har frå og med år 2017 definert Solund tilbake i lågaste bustadverdisone. Det er såleis kome ein generell reduksjon i formuesgrunnlaga i år 2019 for dei aller fleste eigedomar i kommunen.  
Kontroller at taksten er under reell marknadsverdi, og send ein skriftleg klage til Skatteetaten om du meiner taksten kan vera urimeleg høg.

Faktura vert skriven ut 2 gonger i året; - i juni og desember. Fakturaen vert sendt til eigarrepresentanten eller til rekningsmottakaren der dette er meldt inn særskilt. Vi ynskjer at flest mogleg nyttar e-faktura som betalingsmåte. Det er rimelegast for både skatteytar og kommune.
Skatt under kr. 100,- vert ikkje kravt inn.

 

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så sant det ikkje er klage på same grunnlag tidlegare år.

MERK! Skattetaten er rette klageinstans for alle bustadeigedomar, der skatteetaten sin bustadsverdi (formuesgrunnlag) er lagt til grunn for utrekna skattetakst.

For andre spørsmål og klager skal eigedomsskattekontoret i Solund kommune kontaktast.

Klagefristen er 6 veker (rekna frå 01.mars)  – dvs. klaga må vera datert seinast 11.04.2019.
 

Kontaktinformasjon for takst etter Skatteetaten sine formuesgrunnlag / bustadverdiar:

Skatt Vest, Fjalerhuset 6961 DALE I SUNNFJORD - tlf. 800 80 000
Les meir på www.skatteetaten.no/bolig samt all informasjon og takseringsreglement som er utlagt på denne heimesida.

Kontaktinformasjon for eigedomsskattekontoret i Solund:

E-post: eigedomsskatt@solund.kommune.no

Pr. brev: Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 HARDBAKKE - tlf. 57 78 62 00
 

Syt for å ha god dokumentasjon i ein klage:

Alle klager må vera skriftlege og påstandar må vera godt dokumentert.
Om du meiner noko er feil, så er det størst sjanse for medhald i ei klage på takstnivået, om klaga er godt dokumentert og aller helst vedlagt ein alternativ takst, og då av nyare dato.

 

Her kan du lese utskriven eigedomsskatt for:

Bustader med takst etter formuesgrunnlag (PDF, 326 kB)

Bustader med alminneleg taksering (PDF, 324 kB)

Fann du det du leitte etter?