Informasjon frå Feiarvesenet

Feiarvesenet er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane
Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund. Feiaren si oppgåve er å sikra tryggleiken til innbyggarane og passa på at det ikkje oppstår sotbrann i skorsteinen. Dette blir gjort med feiing kvar 2. år  (kvart år der det er behov for det, dette blir vurdert av feiaren) og branntilsyn av bustaden kvart fjerde år.

Gebyr for feiing og tilsyn som skal betalast inn, er etter sjølvkostprinsippet og blir justert etter behov og kravd inn kvart år, også det året som det ikkje blir utført feiing og tilsyn. Gebyret er rekna å gå i balanse i løpet av ein fire års periode.

Gebyret for feietenesta skal betalast av alle som har omn knytta opp mot skorstein, og som er fastbuande i kommunen. Om omnen ikkje er i bruk, skal det uansett betalast gebyr så lenge den er kobla opp mot skorsteinen.
Der det ikkje er omn, eller omnen er fjerna og plombert, vert det ikkje kravd gebyr.

 

Gebyr gjeldande frå 01.01.2018:

Gebyr for feiing og tilsyn
Type Gebyr pr år u/mva
Bustad med 1 pipe 550
Tillegg ved ekstra pipe med tilkopla eldstad 275

Hugs at tryggleiken i bustaden er HUSEIGAR sitt ansvar.

 

Feiar - Klikk for stort bilete

Feiaren har mobil nr 48151160 og kan svara på spørsmål om feiing og tilsyn.

  

 

  

Sist endra 13.02.2018 av Marit Utvær
Leiar
  • Tlf: 57 78 62 13
  • Mob: 971 76 822
  • E-post: