Vedteken kommuneplan for Solund kommune

Kommuneplanen, som gjeld for heile kommunen, er sett saman av fylgjande hovuddelar:

  • ein samfunnsdel som gjev mål for utviklinga i kommunen og retningsliner for sektorane si planlegging og aktivitet

  • ein arealdel for forvaltning av areal og andre naturressursar for heile kommunen. Arealdelen er sett saman av eit plankart og ein tekstdel med føresegner og retningsliner for arealbruken.

Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen sitt styringssystem. Det skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen gjeld ikkje berre kommunen si eiga verksemd, men skal fange opp dei omsyn som er viktige for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane.

 

 

Godkjend kommuneplan

I kommunestyresak 002/22 vart Solund kommune sin arealdel 2020 – 2032 godkjend. Vedtaket følgjer:

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-5 vedtek Solund kommunestyre Kommuneplanen sin arealdel 2020 – 2032 med tilhøyrande plankart datert: 15.02.2022 og tilhøyrande føresegner datert 15.02.2022, planomtale og vedlegg og fylgjande tillegg: område H-15 Nessa vert tatt inn att i planen i samsvar med førstegongs høyringsframlegg.

Planen skal kunngjerast og gjerast tilgjengeleg gjennom elektroniske medium, samt for myndigheiter jamfør plan og bygningslova § 11-5.

Solund kommunestyre ynskjer at kommande revidering vert gjennomført i god tid innanfor dei rammene plan- og bygningsloven set, det vil sei innanfor neste valperiode.

Mellombels forbod mot akvakulturtiltak for eit geografisk område i Nord Solund vert med dette oppheva.

Prosessen for kommuneplanen

Planprosessen har vore lang, men no har Solund kommune fått ein kommuneplan som løyser det meste av det som var oppdraget, både knytt til forventningar og føringar frå nasjonalt og regionalt hald, men også i Solund kommune sine eigne føringar; planprogrammet og samfunnsdelen. Det er nokre ting som ikkje er løyst i denne runda, sett både frå Solund kommune si side og frå Statsforvaltaren i Vestland si side. Solund kommune legg difor opp til ei revidering for avgrensa tema som nemnt i kommunestyrevedtaket.

Planlegging er ein kontinuerleg prosess. Som førebuing til neste revidering av arealplanen vert det oppmoda om å komme med gode idear til ei kvar tid. Det er skilnad på ide og konkrete planar, og det er dei konkrete planane for dei næraste få åra som kan innarbeidast ein kommuneplan. Med omsyn til god sentrumsutvikling, nasjonale forventningar og natur- og klimakrisa, så vert fellesanlegg for naust og småbåtanlegg/flytebryggjer, samt fortetting i sentrumsområde eit tema.

Kommuneplanen har rettsverknad

Kommunestyret sitt vedtak inneber at kommuneplanen får rettsverknad, og skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging i samsvar med plan- og bygningslova (1985) §20-6. Plan- og bygningslova §21 har føresegner om innløysing og erstatning.

Kva skjer no?

Planprosessen for kommuneplan 2020 - 2032 er ferdig, og sakhandsaming skjer no etter føringar i denne planen. 

Kommuneplandokument

Rettleiingar til kommuneplandokumenta