Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Retningsliner for fyrste gongs bustadetablering i Solund.

Skal du etablere deg med din fyrste bustad i Solund? Då kan du, på visse vilkår, få støtte frå Solund kommune.  

Solund kommunestyre har vedteke følgjande retningsliner for tilskotsordninga for førstegongs bustadetablerar:

1. Tilskotet på 50.000 kr kan berre gjevast til førstegongs bustadetablering i Solund.

2. Mottakar av tilskotet må vere folkeregistrert på bustadadressa i Solund ved tida for utbetaling.

3. Søkjar, eller ein av partane i eit partilhøve, må vere under 40 år.

4. Tilskotet kan tildelast til følgjande føremål:
    1. Oppføring av ny bustad
    2. Kjøp/Arv av eksisterande bustad

5. Krav til utbetaling:
    1. Ved nybygg skal det føreligge ferdigmelding.
    2. Ved kjøp/arv av eksisterande bustad skal skøyte vere tinglyst.

6. Tidsfrist for å søkje om tilskotet er 2 år frå godkjend ferdigstilling av nybygg eller tinglyst skøyte.

7. Tildeling av tilskotet vert lagt til formannskapet.

 

Retningslinene er gjeldande frå 01.01.2020 og skal rullerast kvart 4.