Retningsliner for 1.gongs bustadetablering utanfor regulert område.

Skal du etablere deg med din fyrste bustad i Solund og ynskjer å gjere dette i område som ikkje er regulert til bustadføremål? Då kan du, på visse vilkår, få støtte frå Solund kommune.  

 

Solund kommunestyre har vedteke fylgjande retningsliner for tilskotet:

1. Bustadtilskotet, på kr. 50.000,-, kan berre gjevast til førstegangsetablering av bustad i Solund

2. Det kan berre tildelast personar med bustadadresse i Solund.

3. Tilskotet kan berre tildelast til bustadetablering utanfor regulerte bustadområder

4. Søkjar eller ein av partane i eit partilhøve må vere under 40 år.

5. Tilskotet kan tildelast til følgjande føremål:
a. Oppføring av ny bustad
b. Kjøp av eldre bustad
c. Etablering av tilkomstveg ved kjøp av eldre bustader dersom veg ikkje er opparbeidd

6. Utbetaling av tilskot:
a. Ved nybygg vert tilskotet utbetalt når ferdigmelding er sendt Solund
kommune
b. Ved kjøp av eldre bustadhus vert tilskotet utbetalt når tinglyst kjøpekontrakt
eller tinglyst skøyte førelig
c. Tilskot til veg kan utbetalast når vegen er ferdigmeld til Solund kommune

7. Storleiken på tilskotet vert innarbeidd i kommunen sitt årsbudsjettet

8. Tildelinga av bustadtilskotet vert lagt til formannskapet

9. Tilskotsordninga er gjeldande frå 01.01.2011 og skal rullerast kvart 4. år.

Fann du det du leitte etter?