Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

 

Kven kan få bustøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld. Du kan òg prøve bustøttekalkulatoren.

Sjekk om du kan få bustøtte

Korleis søkjer ein bustøtte?

Du kan søkjer bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter. Dersom du får invilget bustøtte vert søknaden din overført til neste månad. Dersom du får avslag fordi du har for høg inntekt ein månad vert søknaden din automatisk overført til neste månad.

Søk bustøtte (web)

Papirsøknader skal du sende til Solund kommune, 6924 Hardbakke. Du kan ikkje sende inn søknader på e-post.

 

Du må melde frå om endringar

Du har plikt å melde frå dersom det er endringar i opplysingane du har gjeve i din søknad. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysingar i vedtaket du får. Dette gjeld bl.a.

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student
  • dersom antal barn i husstanden har auka

Melde frå om endringar

 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider.

Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing, tlf: 57 78 62 00.