OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Verneombod og AMU

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som angår arbeidsmiljøet.

Arbeidsmiljøutval (AMU) er eit samarbeidsutval  og har som oppgåve å arbeide for  å betre arbeidsmiljøet på ein arbeidsplass

Verneombod i Solund kommune

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som angår arbeidsmiljøet. Verneombodet skal sjå til at verksemda er innretta og vedlikehelden, og at arbeidet blir utført på ein slik måte at omsynet til arbeidstakar sin tryggleik, helse og velferd er ivaretatt. Verneombod er regulert i Arbeidsmiljøloven kapittel 6.

Her er ei oversikt over verneombod i Solund kommune

Verneombod Solund kommune

Verneombod Solund kommune
Verneområde Namn E-post
Hovudverneombod Anne Kari Reigstad anne.kari.reigstad@solund.kommune.no
Helse og omsorg Reidun Øvrebø reidun.ovrebo@solund.kommune.no
Kommunehuset og uteseksjonen Anne Kristine Dyrdal anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no
Solund barnehage Linda Pollen Sundal linda.kristin.pollen.sundal@solund.kommune.no
Solund barne- og undomsskule Torild Teige Strand torild.teige.strand@solund.kommune.no

 

Arbeidsmiljøutvalet i Solund kommune

Arbeidsmiljøutval (AMU) er eit samarbeidsutval  og har som hensikt  å betre arbeidsmiljøet på ein arbeidsplass. I  AMU sit det  representantar frå både arbeidsgjevar og arbeidstakarar.  AMU deltek i planlegging og organisering av helse, miljø og tryggleik (HMT)-arbeidet.

AMU er regulert i Arbeidsmiljølova kapittel 7. Alle tilsette kan sende inn saker til AMU.

Solund arbeidsmiljøutval består av 6 personar, 3 frå arbeidsgjevarsida og 3 frå arbeidstakarsida.
Leiarfunksjonen rullerer mellom "sidene" annakvart år.

Til toppen