OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Mi side i Visma - innlogging med ID-porten

Som tilsett i Solund kommune har du di eiga "nettside" med tilgang til dei opplysningane som er registrert i lønssystemet (personopplysningar, løn m.m). OBS! Tilgang til nettsida krev at du er registrert med e-postadresse i lønssystemet.

Du finn påloggingslink her     

Fyrste gongen du loggar inn må du knyte e-postadressa du er registrert med i lønssystemet til ID-porten/BankID
 

Rettleiing for pålogging Mi side finn du her (PDF, 463 kB)

Fekk du feilmelding ved ny pålogging? Då har du mest sannsynleg brukt feil e-postadresse. 

Det er laga ei rettleiing for å rette opp dette; den finn du her (PDF, 307 kB)

På Mi side kan du:

  • Registrere pårørande
  • Registrere born under 18 år (fråvær som skuldast sjukt barn må knytast opp mot det aktuelle barnet)
  • Finne lønsslippar, årsoppgåver og andre lønsdokument
  • Registrere eigenmelding, søkje ferie og permisjon elektronisk (personalskjema)
  • Lage elektronisk reiserekning (Expense)

 

Ta kontakt med økonomikontoret dersom du er usikker på kva e-postadresse du er registrert med, eller du får problem med pålogging.

Til toppen