Ledige stillingar

Solund som framtidig arbeidsgjevar

Ledige stillingar     Redigere, endre eller sjå CV

 

Solund kommune har no teke i bruk nytt elektronisk søknadssystem.

Kort om søkjeprosessen:
Vil du søkje på ei ledig stilling hjå oss, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukeridentitet og eit passord i WebCruiter.

E-postkommunikasjon:
E-postadresse vert nytta som brukeridentitet. Dersom du ikkje allereie har eiga e-postadresse, kan du lage ei ny gratis via ei rekkje leverandørar. Du bør og legge inn e-postadressa i CV-en, som ei kontaktopplysning.

Når du har søkt på ei stilling, vil du få svar på e-post der vi stadfestar at søknaden er motteken. Undervegs i tilsetjingsprosessen vil det og være e-postkommunikasjon.

CV i basen vår
Det er ikkje naudsynt å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Solund kommune. Du nytter den CV-en du har lagt inn og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette CV-en din når du ikkje lengre ynskjer å ha den liggande i CV-basen vår. Har du søkt jobb andre stader og nytta WebCruiter, kan du bruke opp att identiten din.

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at opplysningar om kven som søkjer kan bli gjort offentlege sjølv om ein har bedt om ikkje å vere offentleg.

 

Solund kommune har arbeidsgjevaransvaret for tilsette ved

  • offentleg kommunal administrasjon
  • plan og utvikling
  • barnehage
  • grunnskule
  • helse og omsorgstenesta

 

Arbeidsmarkedet i Solund er under utvikling og behovet for kompetanse er under stadig endring.

 

Kan du tenkje deg ein jobb hos oss? Under "Ledige stillingar" øverst på sida her finn du til ei kvar tid ledige kommunale stillingar og du er hjarteleg velkomen som jobbsøkar.  

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med stabsleiar Mark Elvevåg tlf 57 78 62 04/950 28 232.

Ny personalrådgjevar er på plass i starten av mai 2018.

 

Her kan du sjå ein kort film om Solund.

  

Fann du det du leitte etter?