Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Kommuneplan Solund 2020 - 2030

Klikk for stort bileteSolund kommune jobbar med revidering av kommuneplanen. Kommuneplanen skal synleggjere utfordringar, mål og strategiar for Solundsamfunnet og setje retning på framtidige satsing og planlegging. Planen skal vise kva slag samfunn vi vil vere.

Kva skjer no?

Solund kommune får hjelp av eit konsulentselskap i prosessen med å lage ny kommuneplan. Samfunnsdelen vart vedteken av kommunestyret 16. juni 2020.

Dokument i samband med 1. gongs høyring finn du her

Det er tre arkivsaker som handlar om kommuneplanen:

  • Sak 16/647 (sak som gjeld nokre innspel frå før arbeide med ny kommuneplan vart sett i gong)
  • Sak 17/125 (sak som gjeld første del av rullering av kommuneplanen, fram til høyringa på samfunnsdelen)
  • Sak 19/550 (sak som gjeld frå høyringa på kommuneplanen sin samfunnsdel)

SOLUND KOMMUNEPLAN 2018-2030

Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen sitt styringssystem. Det skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen gjeld ikkje berre kommunen si eiga verksemd, men skal fange opp dei omsyn som er viktige for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane.

 

TIDSPLAN

2021

Juni

  • Dialogmøte med Statsforvaltaren har vore gjennomført  
  • Mottak av høyringsuttale til 1. gongs høyring frå Statsforvaltaren
  • Avklare den vidare prosessen.

 

ARBEIDSGRUPPE

Arbeidsgruppe Arealdelen

Svein Utvær (H), Tom Færøy (Ap), Nils Christian Bjørgo (Sp), Øystein Bolset Strand (adm.) og Anne Kari Reigstad (adm.)

 

Alle sulingar, vener av Solund eller andre interessentar er velkomne til å delta i prosessen.

 

Ta kontakt for meir informasjon

Trond.Saebo.Skarpeteig@solund.kommune.no

anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no
 

Gjeldande kommuneplan vart utforma gjennom ein lang og grundig prosess i perioden 2006-2009 og vart endeleg vedteken i 2010. Det er no lagt opp til ein meir komprimert planprosess, men god involvering og medverknad er også denne gongen avgjerande for å få ein god prosess og eit godt resultat.

Kommuneplanen vart vedteken etter den gamle planlova. Ny planlov, som kom i 2008, medførte store endringar for kommunal planlegging. Det er difor trong for oppdatering av både samfunnsdelen og arealdelen etter reglane i ny planlov. 

I arbeidet med Lokal utviklingsstrategi for Solund (2014-2015) vart det gjort eit stort arbeid for å finne gode strategiar for utvikling av Solundsamfunnet. Resultatet frå dette arbeidet er tenkt innarbeidd i kommuneplanen.