Kommuneplan Solund 2018 - 2030

Klikk for stort bilete

Solund kommune jobbar med ny kommuneplan. Kommuneplanen skal synleggjere utfordringar, mål og strategiar for Solundsamfunnet og setje retning på framtidige satsing og planlegging. Den skal vere ein visjon for Solund, som viser kva slag samfunn vi vil vere.

 

Kva skjer no?

Solund kommune har fått hjelp av eit konsuletnselskap i prosessen med å lage ny kommuneplan. I desse dagar vert det utarbeida eit utkast til samfunnsdel, arealbrukstrategi og arealplan, der styringsgruppa, samfunnsdelgruppa og arealplangruppa er tett på. Det vert fleire arbeidsmøter med gruppene i løpet av mars, april og mai.

SOLUND KOMMUNEPLAN 2018-2030

Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen sitt styringssystem. Det skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen gjeld ikkje berre kommunen si eiga verksemd, men skal fange opp dei omsyn som er viktige for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane.

 

TIDSPLAN

April-Mai 2019:                        Utkast til samfunnsdelen vert ferdigstilt. 

Mai-Juni 2019                          Utkast til arealdelen vert ferdigstilt.

September-Oktober 2019:       Politisk handsaming

Oktober-Desember 2019:        Høyring

Mars 2020:                               2. gongs politisk handsaming

 

 

ARBEIDSGRUPPENE

Arbeidsgruppe Samfunnsdelen

Gunn Åmdal Mongstad (Sp), Steinar Krakhellen (H), Sølvi Songstad Waage (SV), Åse Iren Korneliussen (adm.), Terje Drengenes (adm.) og Gunnlaug Olsvoll Røed (adm.)

 

Arbeidsgruppe Arealdelen

Svein Utvær (H), Tom Færøy (Ap), Linne Lending (Sp), Øystein Bolset Strand (adm.) og Anne Kari Reigstad (adm.)

 

Alle sulingar, vener av Solund eller andre interessentar er velkomne til å delta i prosessen.

 

Ta kontakt for meir informasjon

erik.askeland@solund.kommune.no

anne.kristine.dyrdal@solund.komune.no

 

 

Gjeldande kommuneplan vart utforma gjennom ein lang og grundig prosess i perioden 2006-2009 og vart endeleg vedteken i 2010. Det er no lagt opp til ein meir komprimert planprosess, men god involvering og medverknad er også denne gongen avgjerande for å få ein god prosess og eit godt resultat.

Kommuneplanen vart vedteken etter den gamle planlova. Ny planlov, som kom i 2008, medførte store endringar for kommunal planlegging. Det er difor trong for oppdatering av både samfunnsdelen og arealdelen etter reglane i ny planlov. 

I arbeidet med Lokal utviklingsstrategi for Solund (2014-2015) vart det gjort eit stort arbeid for å finne gode strategiar for utvikling av Solundsamfunnet. Resultatet frå dette arbeidet er tenkt innarbeidd i kommuneplanen.

Fann du det du leitte etter?