Offentleg ettersyn for lokalitetsavklaring for akvakultur ved Kverhelleskjeret - anleggsendring

Engesund Fiskeoppdrett AS søkjer om anleggsendring på lokalitet Kverhelleskjeret. Endringa gjeld endring av arealbruk/ utviding; dvs. at anlegget skal flyttast lenger nordvest.  

Lokaliteten ligg innanfor område avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan for Solund kommune 2020 – 2032. Søknaden omfattar ikkje endring i maksimalt tilllat biomasse (MTB) eller andre endringar ved lokaliteten. 

Søknad med tilhøyrande dokument er utlagd til offentleg ettersyn på kommunehuset og her på heimesida. 

Søknad med tilhøyrande dokument

Merknader sendast innan 26.05.2022 til:

På e-post til:  post@solund.kommune.no eller
Solund kommune,
Hardbakke 26, 
6924 Hardbakke

Ta kontakt med Anne Kristine Dyrdal om du har spørsmål.