Kunngjering godkjent reguleringsplan veg Eide-Kråkenes

 

 

Solund kommunestyre har i sak 067/17 gjort fylgjande vedtak

 

:

Solund kommunestyre godkjenner, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, privat reguleringsplan veg Eide – Kråkenes planid 2016002 med fylgjande endringar i planføresegnene:

Pkt. 3.1 bokstav b: «I hekkeperioden mars-mai skal det ikkje gjennomførast sprengingsarbeid mellom pel 500 og pel 1700. Om det ikkje er starta hekking i løpet av april månad kan ein likevel sjå vekk frå tidsavgrensinga i anleggsarbeidet.

Nytt pkt. 3.1 bokstav g: «Det må gjerast eigna tiltak for å hindre ureining eller avrenning til vassdrag (bekkar og vatn) og sjø.»

Klagerett:

I plan og bygningslova §12-12 tredje ledd viser det til at kommunstyrets endelige vedtak kan

påklages jamfør § 1-9 i lova.

 

Slik kan de klage på eit vedtak.

Klagefristen er 3 veker frå den dagen brevet om vedtak kom fram. Det er nok at klaga ersendt innan fristen er ute.

Skriv kva vedtak de vil klage på og grunngje kvifor de vil klage.

De kan lesa meir om retten til å klage på forvaltningsvedtak i forvaltningslova kapittel VI:Forvaltningslova

 

Klagen skal sendast til:

Solund kommune, 6924 Hardbakke eller post@solund.kommune.no

 

Planomtale sjå her (PDF, 5 MB)

Plankart 01 sjå her (PDF, 750 kB)

Plankart 02 sjå her (PDF, 688 kB)

Plankart 03 sjå her (PDF, 853 kB)

Plankart 04 sjå her (PDF, 833 kB)

Plankart 05 sjå her (PDF, 959 kB)

Plankart 06 sjå her (PDF, 717 kB)

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?