Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Kunngjering av skattelister for utskriven eigedomsskatt i Solund kommune

Klikk for stort bileteI medhald av eigedomsskattelova § 3 pkt. g, er det i Solund kommune innført eigedomsskatt på alle «faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom».


Skatten for år 2020 er utskriven med 2,0 promille. Skattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn frå og med den 28.2.2020 ved Servicekontoret i Solund kommune.
Listene vert liggande der i 3 veker.
 

Om klagerett og klagefrist:
Dersom det ikkje har vore klaga av same årsak tidlegare, og om ikkje skatten er utrekna etter den såkalla formuesgrunnlagsmetoden, kan det kvart år fremjast ei skriftleg klage direkte til Solund kommune. Bruk gjerne mailadressa eigedomsskatt@solund.kommune.no


For dei som har utskrive eigedomsskatt etter formuesgrunnlagsmetoden, vert det vist til Skatteetaten sine eigne informasjonssider om både klagerett og framgangsmåten for å sende inn ei klage: http://www.skatteetaten.no.


Klagefristen er 6 veker (rekna frå 28. februar) – dvs. klaga må vera datert seinast 10.04.2020.

Kontaktinformasjon:
Naudsynt informasjon til skattesetlane og informasjon om kor du skal vende deg for spørsmål og ev. klage, er å finne på Solund kommune si heimeside www.solund.kommune.no

 

Skattelistene kan de lese her:

Offentleg skatteliste - alminneleg taksering (PDF, 926 kB)

Offentleg skatteliste - formuesgrunnlag (PDF, 2 MB)

Offentleg skatteliste - fritak (PDF, 118 kB)