Kulturplan

Kvifor kulturplan?

Kulturplanen skal vere eit styringsdokument for Solund kommune sitt engasjement på kulturfeltet og gjelde for politikarar, administrasjon og det frivillige kulturlivet.
Den skal synleggjere kulturlivet i kommunen, aktivitetsnivå og rammevilkår, peike på behov og utfordringar, samt tydeleggjere fordeling av oppgåver og ansvar. Kulturplanen gir oss eit reiskap til å halde stø kurs, ha oversikt og prioritere både i forhold til aktiviteten i kommunen og kring oss.

Bakgrunnen for temaplan for kultur finn vi i dei styrande dokumenta for region vestland «Kultur for alle Regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019-2027»

Kulturplanen skal fremje:

  • bevaring og formidling av kulturarven (ein er i oppstarten av kulturminneplanarbeidet)
  • kunstnarisk fornying og kvalitet
  • ulturelt mangfald, lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Innspel til planen kan sendast til post@solund.kommune.no