Kommuneplanen sin arealdel 2020-2030 - til høyring og offentleg ettersyn

Kommunestyret vedtok i sitt møte 22. oktober 2020 å legge framlegg til kommuneplanen sin arealdel av 12. oktober 2020 ut på høyring og offentleg ettersyn.

Du kan lese sakspapira her. 

No er det opp til kommunen sine innbyggarar, utbyggarar og næringsliv å kome med innspel til planen, og vi håper på eit stort og breidd engasjement!

Arealdelen er ein viktig plan som skal sikre ei langsiktig, berekraftig utvikling og forvaltning av areal-, natur- og kulturmiljøressursane i kommunen. Kommuneplanens arealdel er rettsleg bindande for all utbygging og alle tiltak som vert omfatta av lova. 

Arealplanen består av følgjande hovuddokument

Plankart, planomtale (PDF, 2 MB), konsekvensutgreiing (KU) (PDF, 12 MB), ROS (PDF, 458 kB) og føresegner med retningsliner (PDF, 959 kB) for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i heile kommunen. Arealdelen skal vise kor i kommunen utbygging kan skje og kva for areal som framleis skal prioriterast brukt til landbruk, natur eller friluftsliv. Det er eit vedlegg til ROS-en som handlar om sløkke- og drikkevatn på Hardbakke (PDF, 427 kB)

 

Kart i arealplanen

Solund kommune sitt framlegg til arealplan finn ein på Solund kommune si nettside, under kart. Under «kartlag» kan ein slå av og på dei ulike omsynssonene. Bruk av den digitale kartløysinga. (PDF, 2 MB) 

Det er også laga 2 PDF-ar, eit kart med omsynssone (PDF, 15 MB), og eit kart utan omsynssone (PDF, 14 MB).

 

Vedlegg

Som vedlegg til planen ligg silingsdokument som er utarbeida i samband med arbeidet med planen.

Silingsdokument generelt (PDF, 672 kB)

Silingsdokument akvakultur (PDF, 4 MB)

Plandokumenta ligg også i resepsjonen på kommunehuset for gjennomlesing. 

 

Innspel

Solund kommune synskjer Innspel og merknader, desse kan sendast til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke eller på e-post til post@solund.kommune.no. Innspela bør kartfestast og vere konkrete. Du kan nytte kartet der kommuneplanframlegget ligg. Høyringsfristen er sett til 11. desember 2020