Høyring på handlingsdel og prioritering av spelemiddelsøknader

Lågøystolane Kayak the Fjords/ Sverre Hjørnevik Tidlegare har ikkje Solund kommune rullert handlingsprogrammet, og spelemiddelsøknadane har blitt godkjent med det gamle handlingsprogrammet. No er det blitt eit krav at desse prioriteringane skal rullerast årleg. Dette var ikkje administrasjonen klar over, så på grunn av dette kjem høyringa seint og med svært kort frist.

Det vert vist til vedlagt politisk sak, med rullering av handlingsplanen til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2019 – 2023.

Det er gjort minst muleg endringar i rekkjefølgja i framlegget samanlikna med førre handlingsprogram, med bakgrunn i at handlingsprogrammet ikkje har vore på høyring tidlegare i prosessen. Ein kan lese meir om vurderingane knytt til prioriteringane i den politiske saka som ligg vedlagt.

Det er berre Solund kommune som har søkt om spelemidlar i 2021. Fristen for å søke midlar i 2021 var 15. januar. Handlingsprogrammet må reviderast igjen i desember 2021, for å ha ei oppdatert prioritering for spelemiddelsøknader i 2022.

Frist for innsendering av innspel er 10. mars, og sendast til post@solund.kommune.no eller anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no

Saksframlegg  (DOCX, 40 kB)

Framlegg til handlingsplan (PDF, 368 kB)