Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Høyring - Kommuneplanen sin samfunnsdel for Solund kommune 2020 - 2030

Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 vedtok kommunestyret den 17.10.2019, å legge Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2030 ut på høyring. Høyringsperioden er 24.10.2019 - 06.12.2019.

Høyringsutkastet ligg i resepsjonen på kommunehuset og i lenke til høgre.

Innspel til dokumentet kan sendast skriftleg til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke eller post@solund.kommune.no, seinast 06.12.2019.

Om du har spørsmål, ta kontakt med Anne Kristine Dyrdal på  e-post: anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no eller telefon 57 78 62 08.