Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Høyring - kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020 - 2023

Klikk for stort bileteKommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vert etter vedtak i formannskapsmøte 03.10.2019, lagt ut på høyring og til ettersyn, i samsvar med Plan- og bygningslova sin § 11-14. Planen er lagt ut på kommunen si heimeside, og i fysisk format på kommunehuset.

Lenke til planen og vedlegget ligg til høgre.

Innspel og merknader sendast skriftleg til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke, eller post@solund.kommune.no.

Frist for innspel er sett til 14.11.2019.

 

Kontaktperson er Anne Kristine Dyrdal, anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no, tlf 57 78 62 08.