Høyring kommunal planstrategi for Solund kommune 2020 - 2023

I medhald av plan og bygningslova § 10-1 vedtok kommunestyret i Solund 22. oktober i sak 035/20 å legge framlegg til Kommunal planstrategi 2020 - 2023, ut til høyring og offentleg ettersyn.

 

Planstrategien er eit hjelpemiddel for kommunen til å fastlegge det vidare planarbeidet i kommunestyreperioden. Arbeidet med planstrategien er ein arena for å drøfte utviklingstrekk og planbehov i kommunen, samt avklare behov og planoppgåver som best kan løysast gjennom interkommunalt samarbeid. Planstrategien har ingen direkte rettsverknad.

Solund kommune er oppteken av å sikre medverknad også blant kommunen sine innbyggjarar, lag og organisasjonar, og næringsliv, og oppmodar desse om å komme med innspel.

Kommunen sitt framlegg til kommunalplanstrategi og saksframlegg til høyringa:

Folkehelseoversikt for Solund kommune for 2020 har også vore nytta i utarbeiding av planstrategien. 

Innspel til planframlegget sendast til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke eller post@solund.kommune.no. Vi ynskjer innspel innan 22. november 2020.