I medhald av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for år 2022, K-sak 055/21, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 28. februar 2022.
Dette er lister som syner takstar både etter formuesgrunnlagsmetoden og etter alminneleg taksering, for alle eigedomar som har fått ein utskriven skatt.
I tillegg er kommunestyret sitt vedtak om for kva eigedomar som har fått fritak, lagt ut til offentleg gjennomsyn.
Skatten for år 2022 er utskriven med 2,0 promille. Skattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn frå og med den 28.02.2022 ved Servicekontoret i Solund kommune.
Listene vert liggande der i 3 veker.
Les kunngjeringsbrevet her (PDF, 511 kB)