Starten på ein ordførarperiode.

Klikk for stort bilete

Først av alt vil eg takke for tilliten , både hjå veljarar og frå kommunestyret. Eg vil svært gjerne gjere ein jobb for heile kommunen, og saman med eit breitt samansett kommunestyre, ser eg fram til å ta fatt på dei mange oppgåvene.

Etter eit par veker i ordførarstolen er det tid for ei lita «løypemelding». «Ordførarstolen»  er forresten eit noko feil omgrep å nytte, då det meste av tida vert brukt andre stader.

Desse første vekene har eg brukt ein del tid på å setje meg inn i aktuelle saker som vert arbeidd med. I tillegg har eg vore ein tur på skulen og møtt elevane der og eg fekk delta  på ope møte om born og unge sitt oppvekstmiljø. Det har også vore fleire møte i samband med kommunereforma, m.a. saman med det nye formannskapet. Sist veke hadde vi også  møte med Telenor om mobildekning i kommunen.

Det er stor breidde i oppgåvene, men eg opplever i dei ulike samanhengane å møte forståing for at Solund har særskilde utfordringar, og ikkje minst møter eg engasjerte einskildpersonar og tilsette som ynskjer å skape noko i lokalsamfunnet!

Ei av dei mest aktuelle  sakene for tida er arbeidet med kommunereforma. Solund har delteke i fleire utgreiingar, og har gjort eit grundig arbeid med å kartlegge moglegheiter for samanslåing med andre kommunar. Det har vore gjennomført til saman tre innbyggjarundersøkingar. Dei to siste av desse vart gjort offentleg førre veke, og syner at 53 % av innbyggjarane meiner at Solund er best tent med å halde fram som eigen kommune. Nest etter dette, er det alternativa  med Gulen og Masjorden (GSM) og HAFS som peikar seg ut som dei mest aktuelle. Dei største alternativa vert vurderte som lite aktuelle, også hjå innbyggjarane i dei største  samarbeidskommunane.

Pr i dag kan det synast noko uklårt kva som er dei reelle alternativa for Solund, og i formannskapsmøte 17.november skal vi drøfte korleis vi på best måte kan få ut god informasjon og legge til rette for innspel frå innbyggjarane i den vidare prosessen.

Mobildekning er ei viktig sak for Solund, og tysdag 10.november hadde vi besøk av dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen og Olav Skarsbø frå Fylkeskommunen. I dette møtet fekk vi informasjon om Telenor sine planar for oppgradering av basestasjonar i Solund og arbeid med nye løysingar som t.d. «tale over trådlaus nett» og «tale over 4G». Desse løysingane er venta på plass det komande året og vil bety at ein kan nytte mobil på stader som i dag ikkje har mobildekning. I tillegg såg vi på om det kan vere mogleg å dekke delar av Solund med sendarar i andre kommunar. Vi skal ha ein vidare dialog med Telenor om dette.

I den neste månaden står Solund overfor nye oppgåver. Saman med dei aller fleste andre kommunane i dette landet, skal vi ta imot flyktningar som har kome til Noreg. Flyktningekonsulenten er godt i gang med førebuingane, og i byrjinga av desember kjem det 3 personar frå Syria. Etter kvart vil nokre av desse også få familien hit. Dette  er menneske som reiser frå eit svært utrygt tilvære ,og eg håpar at vi skal kunne ta imot desse på ein god måte.

For kommunestyret står arbeidet med budsjett og økonomiplan for tur. I dette arbeidet skal vi legge inn tiltak som kan bidra til å utvikle kommunen vidare. Eg håpar på gode drøftingar og innspel også i denne prosessen.

Om eit par  veker skal det nye regionrådet ha sitt første møte, og eg ser då fram til å få meir innblikk i dei aktuelle sakene for regionen, m.a. om aktiviteten på Lutelandet. Her er fleire viktige oppgåver å arbeid saman om og desse skal eg kome tilbake til etter kvart:

Dette var ei lita oppsummering frå dei første vekene. Eg skal prøve å legge ut nokre oppdateringar med jamne mellomrom. Tida framover blir spennande!

 

Gunn Åmdal Mongstad