Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Reportasje i VG Helg

VG Helg har ein reportasjeserie der dei besøker "rekordstadar" i Noreg, til dømes kommunen med flest kontantstøttemottakar i landet. I sin research har dei funne ut at Solund har den lågaste skilsmissestatistikken i landet.

I den anledning var dei i Solund måndag 16.07.12 for å lage ei gladsak om nettopp dette. I løpet av døgnet som dei var her så gjorde dei intervju med fleire ektepar i Solund, samt at dei tok eit gruppebilete av sju lukkelege ektepar. Bileta til denne artikkelen er frå fotoseansen då gruppebiletet vart tatt med Hardbakke hamn i bakgrunnen.


Dei utsende frå VG Helg har orientert om at reportasjen truleg kjem anten siste laurdag i juli eller første i august. Dei har lovd å gje beskjed vidare til ordførar, og vi skal prøve og få spreidd bodskapen om når artikkelen kjem. Samla vil artikkelen frå Solund utgjere om lag 5 sider i VG Helg.


Dei sporty ektepara som stilte opp både til intervju og bilete fortener ei stor takk!