Odny Ravnøy invitert til Afternoon Tea på Slottet

Klikk for stort bilete

HM Kongen og HM Dronninga har invitert eldre eldsjeler over heile landet til Afternoon Tea på Slottet 15.10.15. Ei av dei eldsjelene som er invitert er Odny Ravnøy frå Solund.

 

Alle i Solund vil nikke samtykkande i at Odny Ravnøy er ei ekte eldsjel, som står på og bidreg i lokalsamfunnet. Ho er leiar i Solund Pensjonistlag, medlem av fylkestyret i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane, styremedlem og bidragsytar i Solund Frivilligsentral og aktiv med på Seniordans m.m. Nesten kvar torsdag treff ein Odny på Gjenbruket (gjenbruksbutikk og kafe i regi av Solund Frivilligsentral), der ho hjelper til med servering på torsdagslunsjen. Det er nærast aldri eit nei å høyre frå Odny sin munn når ein ber om hjelp.

Solund kommune tykkjer difor at det er veldig kjekt og på sin plass at hennar innsats vert verdsett på denne måten, og at Kongeparet syner dette med å invitere til Afternoon Tea. Vi ynskjer Odny Ravnøy god tur på Slottet, og takkar henne så mykje for den innsatsen ho med stort hjarterom legg ned i Solundsamfunnet. Ekstra stas er det at selskapet med Kongeparet skjer same månad som Odny fyller 80 år, så hjarteleg til lukke med 80årsdagen, Odny!

 

Ole Gunnar Krakhellen
Ordførar i Solund