Nytt frå arbeidet med bru til Ytre Solund

Ferjebilettør - Klikk for stort bilete

Onsdag 27.09.17 kom det melding om at Samferdsledepartementet har førehandsgodkjendt ferjeavløysingsprosjektet Ytre Steinsund og Atløysambandet. Dette er eit viktig steg i prosessen fram mot endeleg søknad.

For Ytre Steinsund vil det vere gunstig om Fylkeskommunen kan sende søknad før nyttår. I samarbeid med Statens Vegvesen arbeider Solund kommune for fullt med å få ein godkjendt reguleringsplan klar.

Førebels er vi i rute, og Fylkeskommunen vil gjere det dei kan for å få ei sakshandsaming som gjer det mogleg å sende endeleg søknad innan fristen

Fann du det du leitte etter?