Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Minnemarkering i Ospa 28.juli 2013.

Minnesmerket etter at Sjøforsvaret og Solund kommune har lagt ned kransar. Sjøforsvaret sin krans til venstre og Solund kommune sin krans til Høgre - Klikk for stort bileteKransar og minnesmerket Ole Gunnar Krakhellen Sundag 28.juli var det 70 år sidan MTB-345 med mannskap vart tatt til fange av tyskarane under andre verdskrig. Mannskapet vart kort tid etter henretta utan rettsak på Ulven utanfor Bergen. Det var også 10 år sidan minnesmerket over denne hendinga vart avduka i Ospa.

Minnesmerket vart arbeidd fram av eldsjelene Hans H. Steinsund og Trygve Heggheim, og det er også dei som har stått bak markeringane i 2003, 2008 og 2013. I år var det ei spesiell markering då Steinsund og Heggheim har bede om at Sjøforsvaret skal ta overansvaret for minnesmerket, noko som Sjøforsvaret har teke på seg. Det er difor også på sin plass å takke Hans H. Steinsund og Trygve Heggheim for den innsatsen dei har lagt ned for å sikre at vi ikkje gløymer desse hendingane for ettertida.

 

 

 

 

Sjøforsvaret reiste frå Haakonsvern med KV Ålesund og deltok på minnemarkeringa medgeneral-inspektør og kontreadmiral i Sjøforsvaret Bernt Grimstvedt, pensjonert generalinspektør og kontreadmiral i Sjøforsvaret Kjell-Birger Olsen og pensjonert kontreadmiral og forsvarsjef Torolf Rein. På vegne av Solund kommune og Sjøforsvaret la ordførar Ole Gunnar Krakhellen og generalinspektør Bernt Grimstvedt ned kransar i takksemd for den innsatsen som mannskapet på MTB-345 la ned, og for at dei ofra sine liv for Noreg.

 


 

 

 

Med på markeringa var også Magnus Hjønnevåg, den einaste attlevande krigsveteranen i Solund, og kona hans Margit, samt Arne Lambrechts som måtte opphalde seg i Skottland mora og fleire sysken i store delar av krigen. Det var også gledeleg at ein del båtar hadde tatt turen til Ospa og var med på markeringa på denne måte.

 


Etter sjølve kransnedlegginga i Ospa var det invitert til middag på Solund Bryggje, der det var talar frå Grimstvedt og Krakhellen, samt orienteringar frå Steinsund, Heggheim og Sven-Erik Grieg-Smith. Sistnemnde er forfattar av boka «De drepte våre menn» som tek føre seg MTB-345 og mannskap, og skildrar ved hjelp av kjelder tida både før og etter hendingane i Ospa. Grieg-Smith gav også Solund kommune 8 eksemplar av boka, som han bad om at vart gjeve til skulen, biblioteket og Solundheimen. Takka vere denne fine gåven er denne boka difor tilgjengeleg på desse tre plassane.

 


 

Heile markeringa hadde ei fin og verdig ramme, og det er rett å avslutte med å takke Trygve Heggheim og Hans H. Steinsund med innsatsen for å få opp minnesmerket, samt Sjøforsvaret for at dei no tek over ansvaret for det.