Magnus Hjønnevåg fekk minnemedalje

Laurdag 6.juni 2015 delte ordførar Ole Gunnar Krakhellen, på vegne av Forsvarsdepartementet, minnemedalje til Magnus Hjønnevåg. På medaljen står det Norge takker deg for innsatsen 1939-1945. I tillegg til medaljen, så fekk han ein blomsterbukett og boka «Solund – eit år der land møter hav» med ei helsing frå ordførar

Magnus Hjønnevåg var krigsseglar frå 1939-1946. Han var med andre ord aktiv både før og etter okkupasjonen av Norge. Medaljen vart overrekt heime hjå Magnus, saman med kona hans Margit, samt dotter og svigerson deira, Eva og Rolf Throndsen. Det var ei koseleg stund saman med dei, der det var snakk om historie og notid.

 

Dette er fjerde medaljen Magnus Hjønnevåg har fått for å sin innsats, han har tidlegare motteke  krigsmedalje, deltakarmedalje og Haakon VIIs Frihetsmedalje.

Det er ikkje tvil om at vi skuldar Magnus, og mange andre, å minnast innsatsen som er lagt ned for å sikre at Norge er eit fritt land i dag. Det var difor ei høgst velfortent markering i anledning 70årsjubileet for frigjeringa av Norge.

 

Viss nokon har lyst til å lese meir om Magnus Hjønnevåg sin innsats, så kan de lese det Hans H. Steinsund har skrive om han i boka «Krigsseglarar», utgjeve ved Selja forlag i 2008.