Julehelsing frå ordførar

2010 - Klikk for stort bilete Vi nærmar oss slutten på enda eit travelt og innhaldsrikt år! Mange politiske vedtak har vorte fatta, mange oppgåver løyst, mange utfordringar handtert, og mange saker har kome til si realisering.  Men vi har også mykje å ta fatt på i det nye året.

Men først står julehøgtida for døra, ei tid for fellesskap, tradisjonar og refleksjonar. Eg har nok måtta seinke ambisjonsnivået med åra når det gjeld juleførebuingar, men julesongar har alltid vore ein viktig del. Eitt minne vil eg dele frå mange år tilbake då borna var små og vi skulle øve litt på nokre julesongvers. Teksforståinga hjå borna var ikkje heilt på plass , så «Det lyser i stille grender» fekk denne kvelden ny tittel: «Det er lys i grendahuset»..

Lyset i grenda må starte ein stad. I vår kommune startar det i dei gode møta i barnehge, skule, i møtet med den som treng hjelp. Men det lyser også i idrettsbygget, på alle arbeidsplassane, på møte i lag og organisasjonar i heile kommunen, i kassa på butikkane, i kyrkjene, ja alle stader der vi møtest.

For eit par månader sidan var det lysfest i Solund. Ein av dei finaste opplevingane var å høyre nye framande tonar frå Syria saman med lokale musikarar, i vårt kyrkjerom. Ei oppleving som tilhøyrarane sette stor pris på.

For meg vart dette eit sterkt døme på at fellesskap vert skapt når ein kan dele med kvarandre det som betyr noko for oss. Denne kvelden lyste det ikkje berre i grendahuset, eller her: i kyrkja. Det lyste verkeleg også i grenda…

Eg har møtt mange av dykk dette året som på ulikt vis skaper lys i grendene våre i Solund. De er viktige, og de betyr alle noko for fellesskapet vårt.

Dette fellesskapet er så viktig for at fleire skal finne seg til rette i Solund, anten ein har røter her frå før, eller kjem frå andre stader eller kulturar.

Vi har mange oppgåver føre oss som vi må arbeide for i fellesskap, og som ordførar ser eg verkeleg fram til det komande året og til fleire gode møte med dykk alle!

Med ynskje om ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Gunn Åmdal Mongstad

 

Fann du det du leitte etter?