Bilete av ordførarane i Solund

Dei siste åra har bileta av tidlegare ordførarar vore nedpakka, og ein har mangla bileta av ordførarane frå 1988 og framover. I år har ein samla inn bilete og gjort desse klar for opphenging. Tidlegare har bileta hengt på ordførarkontoret, men når dei no skulle hengast oppatt så vart det bestemt at dei skulle henge i kommunen sitt møterom i det tidlegare bankbygget, som vert nytta av mellom anna formannskapet.

 

Bileta vart hengt opp til formannskapsmøtet, og dei attlevande tidlegare ordførarane vart invitert til lunsj med formannskapet. Dei tidlegare ordførarane Steinar Krakhellen og Gunn Åmdal Mongstad var med på dette, medan Sveinung Kråkås og Vigdis Midtbø diverre var forhindra til å møte.

 2013 - Klikk for stort bilete2013 Ole Gunnar Krakhellen