Å oppsummere fire år

2012 - Klikk for stort bilete

Eg kan seie det med ein gong, eg er ikkje så glad i å avslutte ting. Eg likar godt å byrje med noko nytt, men ikkje å setje strek for det gamle. Slik var det for så vidt når eg byrja som ordførar i Solund for fire år sidan. Då hadde eg vore om lag 2 månadar i jobb ved Hyllestad skule, og eg skulle forlate elevane mine. Eg tykte ikkje det var noko kjekt, sjølv om eg skulle byrje på noko nytt og spanande, som eg sjølv hadde valt og hadde lyst til. Slik er det litt no også.

 

La det vere sagt, eg er ikkje bekymra for om kommunen vil klare seg utan meg, eg kjenner både politikarar, tilsette og innbyggjarar så godt, at eg veit at eg på ingen måte er uerstatteleg. Eg veit også veldig godt kor heldig eg var som fekk tilliten til å vere ordførar i verdas beste og vakraste kommune, og eg er glad for at eg fekk denne moglegheita. Eg var ung når eg byrja, og eg er ung når eg gjev meg, men på desse fire åra har eg fått utvikla meg sjølv mykje, og best av alt er at eg har fått gjort det medan eg har jobba for ei positiv utvikling for Solund.

Desse ordføraroppdateringane som eg har skrive med ujamne mellomrom har ein tendens til å verte lange, til dels veldig lange, og korleis skal det verte når eg no skal prøve å oppsummere ein fireårsperiode? Eg trur at svaret må vere at eg må freiste å peike på nokre hovudmoment, og som ordførarar flest vel eg å peike på dei tinga som vi har fått til, og som syner att positivt. Det har sjølvsagt vore både tunge og vanskelege ting, men no vel eg å sjå på det positive.

Vi har samarbeidd godt, og fått til mykje. Vi har fått bygd veg til Tangenes, og no startar ferdigstilling av vegen heilt ned i hamna og mot Leirvika. Snart byrjar ein også på veg til Skarnagel. Hardbakke sentrum er vorte sikra og pynta. Ferjetilbodet på Daløy – Haldorsneset har vorte litt betre, med ein ekstra seinavgang for veka.

Vi har også kome godt i gong med å bygge ut Solund for framtida, med fiberutbygging i store delar av kommunen, og utbygging av to 4G mobilsentralar. Vi er langt frå ferdige med dette digitale løftet, men vi har kome godt på veg, og eg håpar at det ligg til rette for at ein kan halde fram arbeidet framover.

I arbeidet med næringsutvikling har vi fått etablert HAFS Utvikling AS, med avdeling i Solund. Eg trur dette selskapet vert viktig i tida framover, og det er flinke folk som er tilsett i selskapet, både på hovudkontoret og på avdelinga i Solund.  

Noko av det eg gler meg mest over er at Solund kommune har fått kjøpe eit område nord for Hardbakke, der vi no raskt kan omregulere til attraktive bustadtomter med utsikt, nærleik til sjø og båtplass. Eg har stor tru på at dette vert eit flott felt som mange vil sjå moglegheita til å byggje sin heim.

Den kanskje største einskildtingen eg har arbeidd med, og som eg håpar har lagt eit godt grunnlag for framtida, er ei god ferjeavløysingsordning for fylkesvegar, som eg meiner beveger bru over Ytre Steinsund eit stort og viktig steg i rett retning. Det var stort å lukkast i å påverke Stortinget og få ei ferjeavløysingsordning som vi trur kan fungere, og det i godt samarbeid med mellom anna ordføraren i Askvoll, Frida Melvær. Vi skal ikkje konkurrere, men byggje bruer saman.

Det viktigaste eg har fått oppleve desse fire åra er alle dei gode og positive folka i Solund, anten det er i det politiske, næringslivet, tilsette i kommunen eller generelt blant innbyggjarane. Det er samspelet mellom alle de som gjere til at vi får til dei tinga som eg har nemnt, ikkje om eg er ordførar eller ikkje, så hald fram med det gode samspelet!

Mange har spurt og lurt på kva eg skal ta til med når eg no skal gje meg som ordførar. Eg har lenge drege på det og ikkje hatt noko klart svar. Det som har vore klart er at kona mi har fått spanande utfordringar i jobb i Sogndal på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og eg har såleis sett det som naturleg å søke stillingar i dette området. No er det klart at eg har fått tilbodet om, og teke imot, ei stilling som kommunalsjef oppvekst i Sogndal kommune. Ei spanande stilling i feltet der eg har min utdanningsbakgrunn. Stillinga byr nok heilt klart på nye utfordringar, men eg trur at mellom anna med dei gode erfaringane eg har fått i Solund så er eg klar for dei, og eg ser fram til å ta fatt på denne oppgåva frå årsskiftet.

Eg kjem ikkje til å gløyme Solund, eller slutte å vere i Solund. Sjølv om eg no framover skal bu i Luster og arbeide i Sogndal, vil eg kome til å vere mykje i Solund. De vil sjå meg ofte og eg gler meg til å slå av ein prat med dykk. Eg har framleis eit hjarte for Solund, og det vil banke livet ut. Uansett kvar eg er, vil eg ha eit engasjement for Solund. Eg takkar heile Solundsamfunnet for tilliten og støtta de har synt meg i mi tid som ordførar, og ynskjer Gunn Åmdal Mongstad og resten av Solund kommunestyre lukke til i neste fireårsperiode!

 

Beste helsing,

Ole Gunnar Krakhellen
Avtroppande ordførar i Solund