Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Ordføraren vår 2019 - 2023

Klikk for stort bilete

Ordførar i Solund for perioden 2019 - 2023 er Gunn Åmdal Mongstad. Ho har tidlegare vore ordførar i perioden 2003 - 2011 og var óg ordførar i førre periode. Gunn representerer Senterpartiet.

Gunn er fødd i 1963, er utdanna adjunkt og har vore tilsett ved Solund barne- og ungdomsskule sidan 1988, både som lærar og undervisningsinspektør.

Sidan 2007 har ho og vore fast medlem av Sogn og Fjordane Fylkesting.

Kontaktopplysningar ordførar
Kontaktopplysningar ordførar
Telefon Mobil e-post
57 78 62 06 951 71 031 Gunn Åmdal Mongstad
Publisert 22.10.2013

 

Publisert 29.08.2013

Solund kommune er den minste kommunen i Sogn og Fjordane med om lag 800 innbyggjarar, og den einaste kommunen i fylket som berre ligg på øyar. Yts i Sognefjorden vert kommunen vår den vestlegaste kommunen i landet med Utvær fyr som det vestlegaste punktet.

Publisert 08.08.2013
Minnesmerket etter at Sjøforsvaret og Solund kommune har lagt ned kransar. Sjøforsvaret sin krans til venstre og Solund kommune sin krans til Høgre

Sundag 28.juli var det 70 år sidan MTB-345 med mannskap vart tatt til fange av tyskarane under andre verdskrig. Mannskapet vart kort tid etter henretta utan rettsak på Ulven utanfor Bergen. Det var også 10 år sidan minnesmerket over denne hendinga vart avduka i Ospa.

Publisert 19.07.2012

VG Helg har ein reportasjeserie der dei besøker "rekordstadar" i Noreg, til dømes kommunen med flest kontantstøttemottakar i landet. I sin research har dei funne ut at Solund har den lågaste skilsmissestatistikken i landet.

Publisert 24.04.2009

 

Blå spissruter (øyar) på sølv (hav).

 

 

Våpenmerket prøver fange det særmerkte i Solund-naturen og illustrerer eit band av øyar mot vest, med sund mellom.

Solund kommune er til berre av øyar, i hovudsak nord-sør orienterte, ved sida av kvarandre mot vest. Mellom øyane går fleire små og større skipsleier.