Ordføraren vår 2015 - 2019

Gunn Mongstad - Klikk for stort bilete

Ordførar i Solund for perioden 2015 - 2019 er Gunn Åmdal Mongstad. Ho har tidlegare vore ordførar i perioden 2003 - 2011 og representerer Senterpartiet.

Gunn er fødd i 1963, er utdanna adjunkt og har vore tilsett ved Solund barne- og ungdomsskule sidan 1988, både som lærar og undervisningsinspektør.

Sidan 2007 har ho og vore fast medlem av Sogn og Fjordane Fylkesting.

Kontaktopplysningar ordførar
Kontaktopplysningar ordførar
TelefonMobile-post
57 78 62 06951 71 031Gunn Åmdal Mongstad
Publisert av Liv Helene Hansen. Sist endra 13.11.2015 av Marit Utvær
Publisert 28.09.2017
Nårasund

Onsdag 27.09.17 kom det melding om at Samferdsledepartementet har førehandsgodkjendt ferjeavløysingsprosjektet Ytre Steinsund og Atløysambandet. Dette er eit viktig steg i prosessen fram mot endeleg søknad.

For Ytre Steinsund vil det vere gunstig om Fylkeskommunen kan sende søknad før nyttår. I samarbeid med Statens Vegvesen arbeider Solund kommune for fullt med å få ein godkjendt reguleringsplan klar.

Førebels er vi i rute, og Fylkeskommunen vil gjere det dei kan for å få ei sakshandsaming som gjer det mogleg å sende endeleg søknad innan fristen

Publisert 22.12.2016
Snøbyger inn Sognefjorden

Vi nærmar oss slutten på enda eit travelt og innhaldsrikt år! Mange politiske vedtak har vorte fatta, mange oppgåver løyst, mange utfordringar handtert, og mange saker har kome til si realisering.  Men vi har også mykje å ta fatt på i det nye året.

Men først står julehøgtida for døra, ei tid for fellesskap, tradisjonar og refleksjonar. Eg har nok måtta seinke ambisjonsnivået med åra når det gjeld juleførebuingar, men julesongar har alltid vore ein viktig del. Eitt minne vil eg dele frå mange år tilbake då borna var små og vi skulle øve litt på nokre julesongvers. Teksforståinga hjå borna var ikkje heilt på plass , så «Det lyser i stille grender» fekk denne kvelden ny tittel: «Det er lys i grendahuset»..

Lyset i grenda må starte ein stad. I vår kommune startar det i dei gode møta i barnehge, skule, i møtet med den som treng hjelp. Men det lyser også i idrettsbygget, på alle arbeidsplassane, på møte i lag og organisasjonar i heile kommunen, i kassa på butikkane, i kyrkjene, ja alle stader der vi møtest.

For eit par månader sidan var det lysfest i Solund. Ein av dei finaste opplevingane var å høyre nye framande tonar frå Syria saman med lokale musikarar, i vårt kyrkjerom. Ei oppleving som tilhøyrarane sette stor pris på.

For meg vart dette eit sterkt døme på at fellesskap vert skapt når ein kan dele med kvarandre det som betyr noko for oss. Denne kvelden lyste det ikkje berre i grendahuset, eller her: i kyrkja. Det lyste verkeleg også i grenda…

Eg har møtt mange av dykk dette året som på ulikt vis skaper lys i grendene våre i Solund. De er viktige, og de betyr alle noko for fellesskapet vårt.

Dette fellesskapet er så viktig for at fleire skal finne seg til rette i Solund, anten ein har røter her frå før, eller kjem frå andre stader eller kulturar.

Vi har mange oppgåver føre oss som vi må arbeide for i fellesskap, og som ordførar ser eg verkeleg fram til det komande året og til fleire gode møte med dykk alle!

Med ynskje om ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Gunn Åmdal Mongstad

 

Publisert 25.04.2016
Informasjon

Solund kommunestyre handsama fleire viktige utviklingssaker for Solund i kommunestyremøtet 21. april.

Nokre av sakene var desse:

  • Detaljreguleringsplan for bustadfelt i Klubben
  • Bygging av omsorgsbustader
  • Finansiering breiband  til Lundøy og  
  • Sentrumsutvikling med oppgradering av Hardbakke.

Kommunereform stod også på saklista, og her fylgde kommunestyret samrøystes tilrådinga frå Formannskapet:

Solund kommune merkar seg resultat av innbyggjarhøyringa og vil legge dette til grunn for endeleg vedtak i juni.

Elles vart kommunestyret orientert om at det er sendt søknad for vidare utbygging av fiber til Nord Solund.

Under orienteringar var ein elles innom saker som:

  • Anbod på ferjesambandet Daløy Haldorsneset
  • Ambulansetenesta
  • Politireform og
  • Tisa 

Ordførar trekte og fram Solund skulemusikk sin flotte plassering i Nordvest meisterskapen 2016.

 

Neste kommunestyremøte er sett til 9.juni,

Publisert 02.12.2015
Gunn Mongstad

Først av alt vil eg takke for tilliten , både hjå veljarar og frå kommunestyret. Eg vil svært gjerne gjere ein jobb for heile kommunen, og saman med eit breitt samansett kommunestyre, ser eg fram til å ta fatt på dei mange oppgåvene.

Publisert 29.10.2015
Ordførar Ole Gunnar Krakhellen

Eg kan seie det med ein gong, eg er ikkje så glad i å avslutte ting. Eg likar godt å byrje med noko nytt, men ikkje å setje strek for det gamle. Slik var det for så vidt når eg byrja som ordførar i Solund for fire år sidan. Då hadde eg vore om lag 2 månadar i jobb ved Hyllestad skule, og eg skulle forlate elevane mine. Eg tykte ikkje det var noko kjekt, sjølv om eg skulle byrje på noko nytt og spanande, som eg sjølv hadde valt og hadde lyst til. Slik er det litt no også.

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering