Kontrollutval 2019 - 2023

Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret føra løpande tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga, herunder påsjå at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Kontrollutvalet skal mellom anna syte for at det vert utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll.

Kontrollutvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og synleg organ med høg integritet.

 

Målsetnad:

Kontrollutvalet skal sikra den allmenne tillit til at dei kommunale oppgåver vert ivareteke på best mogeleg vis ved å mellom anna påsjå at :

  • Kommunen brukar ressursar til å løyse oppgåver som samsvarar med kommunestyret sine vedtak og føresetnader.
  • Ressursbruken og verkemiddela til kommunen er effektive i høve til dei mål som er sett på området.
  • Lov- og regelverk vert etterlevd i den kommunale forvaltninga
  • Styringsverktøyet og verkemiddela til kommunen er føremålstenelege.
  • Resultata i tenesteproduksjonen er i samsvar med kommunestyret sine føresetnader.
  • Kommunen sitt årsrekneskap, særrekneskap og prosjektrekneskap vert revidert på ein trygg måte

 

Møtebøker for kontrollutvalet finn du her

Kontrollutvalet 2019 - 2023
Kontrollutvalet 2019 - 2023
Funksjon Namn
Leiar Sissel Kråkås
Nestleiar Anita Einen
Medlem Ingvill Storøy
Medlem Kjetil André Lambrechts Hatlem
Medlem Hans Gåsvær