Solund kommune sitt kommunevåpen

Kommunevåpenet - Klikk for stort bilete

 

Blå spissruter (øyar) på sølv (hav).

 

 

Våpenmerket prøver fange det særmerkte i Solund-naturen og illustrerer eit band av øyar mot vest, med sund mellom.

Solund kommune er til berre av øyar, i hovudsak nord-sør orienterte, ved sida av kvarandre mot vest. Mellom øyane går fleire små og større skipsleier.

Losnaætta - Klikk for stort bilete

Merket har også godt historisk feste i og med at det er ein bit av det nokså samansette våpenskjoldet til den kjendte Losnaætta, som hadde hovudsete på øya Losna.


Kommunevåpenet for Solund vart godkjent i 1990.
 

Ide og skisse til våpenmerket (1987): Hans H. Steinsund, Solund
Ferdiggjering vidare: Arvid Svèen, Vadsø

Sist endra 17.02.2015 av Liv Helene Hansen