HAFS-regionen

HAFS-regionen består av Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

 

Prosessen

Fase 1 er gjennomført, og har avklart vidare deltaking i prosessen, eit utgreiingsprogram (eksternt og internt) og kva for tema ein ønskjer å utarbeide for intensjonsavtalar (politisk og administrativt).

I fase 2 skal ein innan juni 2015 ha laga ein sak som viser utfordringsbilete for Solund kommune og aktuelle samanslåingskandidatar, og føre opp alle dei samarbeidstiltaka ein har med andre kommunar. Solund kommune skal ha eit informasjonsmøte for innbyggjarar 21.april 2015, og skal gjennomføre folkehøyring før utgreiingane og intensjonsavtalane skal opp i kommunestyret.

Fase 3 ser ein føre seg hausten 2015 med planlegge ny kommune, skissering av felles arbeidsvilkår, og førebuing av innbyggjarhøyring.

Våren 2016 vil ein gjennomføre ulike former for innbyggjarhøringar i samsvar med kva den einskilde kommune legg opp til, før endeleg vedtak om kommunesamanslåing vert gjort i kvar kommune i juni 2016

 

Rapportane i kulepunkta under vert fleire alternativ utgreia. Solund er med i HAFS regionen og deltek berre som observatør for dei andre alternativa.

 

Prosjekt Sunnfjord.no kan de følge med i her.