Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Om du vert sjuk

Meld frå til leiar om du vert sjuk
Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du ta kontakt med næraste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg. 

 

Korttidsfråvær/eigenmelding
Er fråværet ditt innafor reglane for eigenmelding skal denne fyllast ut og sendast 1. dagen du er attende i jobb.
Logg deg inn i Visma og fyll ut under Personalskjema

Du må ha vore tilsett i 2 månader for å kunne bruke eigenmelding
Du kan ikkje bruke eigenmelding:

  • dersom du samstundes har ei gradert sjukmelding
  • i forlenging av ei sjukmelding
  • dersom du har nådd max-dato
  • når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av dei siste 12 månadane
  • når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innafor dei siste 16 dagane 

Har du vore sjuk i 16 dagar samanhengande må det gå 16 nye kalenderdagar før du kan bruke eigenmelding att.

Om du blir sjukmeldt av lege - digital sjukmelding

Digital sjukmelding kan du sende via smarttelefon, nettbrett eller PC. Du brukar BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg inn. Meir om digital sjukmelding finn du på nav.no

Når du er hos legen og får ei sjukmelding og du arbeider på fleire avdelingar/har fleire stillingar i kommunen må du passe på å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i. 

Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding

Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.

Når sjukmeldinga går mot slutten vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar

Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga)

 


Levere sjukmelding på papir?

Om du ikkje har eller kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding. Då må du levere sjukmeldinga di på papir. Det same gjeld om den som sjukmelder deg ikkje kan bruke digital sjukmelding