Mi side i Visma - innlogging med ID-porten

Som tilsett i Solund kommune har du di eiga "nettside" med tilgang til opplysningar om person, løn m.m. som er registrert i lønssystemet. OBS! Tilgang til nettsida krev at du er registrert med e-postadresse i lønssystemet.

Her kan du sjølv m.a. registrere pårørande - har du born under 18 år må du registrere dei her fordi fråvær som skuldast born må knytast opp mot det aktuelle barnet ved registrering.

På sida finn du m.a. lønsslippar, årsoppgåver og andre lønsdokument.

Vidare kan du registrere eigenmelding og søkje permisjon eller ferie elektronisk (personalskjema).

Sida gjev deg óg tilgang til å lage elektronisk reiserekning, Expense.

Frå desember 2020 kan du logge på med ID-porten/BankID, men fyrste gongen du loggar inn må du knyte e-postadressa du er registrert med i lønssystemet til ID-porten/BankID Sjå "Ny pålogging mi side" under her


Pålogging gjer du på https://vismasolund.sysikt.no/enterprise

 

Her finn du brukarrettleiing for:

Ny pålogging Mi side (2020) (PDF, 525 kB)

Fekk du feilmelding ved ny pålogging? Då har du mest sannsynleg brukt feil e-postadresse. 

Det er laga ei rettleiing for å rette opp dette; den finn du her (PDF, 307 kB)

Ta kontakt med økonomikontoret dersom du er usikker på kva e-postadresse du er registrert med, eller du får problem med pålogging.

 

Andre rettleiingar:

Pålogging og finne lønsslippar (PDF, 234 kB)

Pålogging og bruk av reiserekning (PDF, 640 kB)

Registrere eigenmelding, søkje om permisjon eller ferie (personalskjema) (PDF, 465 kB)
NB! Du kan berre søkje permisjon inntil 14 dagar på personalskjema!