Klubben bustadfelt

Klikk for stort bilete

No kan du kjøpe deg ei flott tomt i Solund sitt nyaste bustadfelt.
Klubben bustadfelt ligg eit lite stykke nord for Hardbakke sentrum og ligg fint til med utsikt over Liasundet mot vest. Det er totalt 19 bustadtomter og 12 sjøhus-/nausttomter i feltet. Feltet er under arbeid (veg vatn og kloakk)

Biletet over syner dei ulike tomtene, tomter med gul farge er enten selde eller meldt interesse for.

Pris for bustadtomter er kr. 388.000 og for sjøhus-/nausttomter kr 150.000.
Det er lik pris for alle tomtene, uavhengig av storleik og plassering.

 

Her finn du detaljregulering Klubben bustadfelt. (PDF, 2 MB)

 

Reviderte plandokument finn du her. (PDF, 4 MB)

 

For nærare interesse og opplysningar; ta kontakt med Solund kommune - tlf 57 78 62 00 eller epost post@solund.kommune.no