Flytte til Solund?

Er du interessert i Solund? Planlegg du å busetje deg i kommunen vår, vil vi gjerne hjelpe deg!
Solund kommune sin administrasjon har som mål å hjelpe tilflyttarar til rette på sin nye heimstad og svare på ulike spørsmål du har.

Kontakt oss - tlf 57 78 62 00 eller e-post post@solund.kommune.no

 Snarvegar: 

Å bu og arbeide i Solund

Næringslivet i Solund har stadig ledige stillingar.
Når kommunen får melding om slike vert dei publisert på kommunen si heimeside. Sjå ledige stillingar i privat næringsliv her 

På ein liten stad får ein breidde i det ein arbeider med – du blir fort ein potet som kan brukast til mykje. Her kan du skapa deg eit liv i samspel med andre. Både kommunen og næringslivet er utviklingsretta, og opne for nye idear.

Ein kan bu landleg, men samstundes sentralt med kort veg til jobb. Offentleg sektor er største arbeidsgjevar, medan fiske, havbruk og verft/marine næringar er dei største verdiskaparane med mange spanande moglegheiter. Solund er ein matprodusent med levebrød for mange innan fiske (reiarar og sjarkar), havbruk (laks og tare), og landbruk (mjølkeproduksjon og villsau).

Det er etter kvart god tilgang på breiband og god mobildekking i heile kommunen.

Sektor for samfunns- og næringsutvikling vil hjelpa deg å knyta kontakt med næringslivet, og informera om fritidstilbod.

Kontakt oss i Sektor for samfunns- og næringsutvikling: 

 Trond Sæbø Skarpeteig - tlf 900 58 182

Anne Kristine Dyrdal - tlf 918 682 055