No får du digital post frå oss

Digital e-post.JPG - Klikk for stort bilete

Solund kommune vil i løpet av november gå over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den postkassen du har valt. Om du ikkje har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn. 

Opprett ein digital postkasse
Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post i framtida. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samle all post frå det offentlege.

Du kan velje mellom to postkassar: Digipost eller e-Boks. Du finn informasjon om korleis du opprettar digital postkasse på www.norge.no. 

Hugs å sjekke at det offentlege har registrert riktig kontaktinformasjon til deg.


Korleis mottar du posten framover?
Når du får digital post frå Solund kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn på din digitale postkasse. Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.



Fordelar med digital postkasse
Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse. Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer.

 

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?
Om du ikkje har digital postkasse frå e-Boks eller Digipost vil du få brev frå Solund kommune i Altinn. Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn innan 2 yrkedagar blir skrivne ut og sende via Posten på papir.


Kvifor ikkje berre bruke Altinn?
Altinn vil bli brukt parallelt med digital postkasse i ein periode framover. Du vil til dømes framleis finne skattemeldinga (sjølvangivelsen) i Altinn, men skattemeldinga for 2017 vil også bli sendt til digitale postkassar. Målet er likevel at all digital post fra det offentlige til innbyggerne skal gå til din digitale postkasse i framtida.
 

Reservasjon mot digital post
Som innbyggjar kan du reservere deg mot digital post frå stat, fylkeskommune og kommune. Du vil då få post frå det offentlege på papir slik som før. Les meir om korleis du reserverer deg på www.norge.no.reservasjon.

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 08.11.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering