Høyring - planprogram for Regional plan for kultur

Fotocollage planprogram regional plan for kultur.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no lagt planprogram for regional plan for kultur. Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.

 

Planprogrammet er ein plan for det vidare arbeidet med regional plan for kultur, med framlegg til mål, plantema, organisering og framdrift. Planprogrammet foreslår kultur for alle som overordna mål for kulturplanen. Planen skal handle om korleis kulturfeltet kan bidra til å skape gode lokalsamfunn og legg vekt på betydinga av å utnytte og vidareutvikle kulturelle kraftsenter i fylket.

 

To hovudtema

Planprogrammet peikar to hovudtema i regional plan for kultur:

 

1. Kulturelle ressursar og verdiskaping

Her vil planen dreie seg om kulturell infrastruktur, kulturarv og produksjon og formidling av kunst og kultur. Ei viktig problemstilling er korleis vi i større grad kan få ringverknader av fyrtårna på kulturfeltet og gjennom dei stimulere til ny aktivitet.

 

2. Deltaking og oppleving

Her handlar det om korleis vi kan målrette arbeidet for å nå prioriterte målgrupper. Å leggje til rette for tidleg engasjement er grunnleggande for å gi alle barn og unge reelle moglegheiter til å delta i kulturaktivitetar. Planen vil vidare ha som tilnærming at ulikskap er ein ressurs som bidreg til mangfald og fellesskap.

 

Planperioden blir foreslått å vere frå 2019 til 2027.

 

Inviterer til aktiv deltaking

Regional plan for kultur er ikkje ein rein fylkeskommunal plan, men ein plan som vil ha betyding for kommunane, statlege institusjonar på regionalt nivå, kulturinstitusjonane, frivillig sektor, profesjonelle aktørar og andre.

 

Fylkeskommunen inviterer til aktiv deltaking i planprosessen frå alle med interesse for kulturfeltet i Sogn og Fjordane.

 

Les meir om regional plan for kultur og prosessen så langt her.

 

Høyringsdokument

 

Planprogram for regional plan for kultur

 

Innspel og merknadar kan sendast anten på e-post til post@sfj.no (skriv e-sak 17/7812 i emnefeltet) eller via eit skjema på heimesida til fylkeskommunen.

 

For meir informasjon

Siri Ingvaldsen 
fylkesbiblioteksjef
siri.ingvaldsen@sfj.no
57 63 79 58
907 89 828

Publisert av Marit Utvær. Sist endra 04.10.2017 av Marit Utvær
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering