Trivselsleiarkurs på den nye grasbana.

Bilde 1.jpg - Klikk for stort bilete

Trivselsleiarane på skulen har ansvar for aktivitetar i friminuttet. To gonger i løpet av skuleåret blir ein gruppe elevar frå 4-10.klasse valt som trivselsleiarar. Dei får opplæring i nye aktivitetar som dei skal leie i friminutta på skulen. På opplæring møtast trivselsleiarar frå Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Dingemoen og Solund og lærar aktivitetar saman. 13. september var Solund vertskap for opplæringa og trivselsleiarar frå fem forskjellige skular var saman på den nye, flotte kunstgrasbana.

At elevane i Solund var vertskap betyr at dei møtte opp før alle andre. Dei fekk prøve aktivitetane fyst. Då dei andre kom var det trivselsleiarane frå Solund som lærte aktivitetane vidare. Dette var kult og litt skummelt. Nokon av dei som var der skreiv følgjande:

Bilde 2.jpg - Klikk for stort bilete

«Vi samla oss på fotballbana i Storehaugen der vi blei introdusert for han som skulle lære oss leikane. Vi starta med å gjere og lære leikane vi skulle lære vidare. Etter vi hadde gått igjennom alle leikane fekk vi ein pause før dei andre kom. Når alle var framme delte vi inn i grupper der vi fekk ansvar for ei gruppe kvar og lære leikane til den gruppa.

Etter at vi hadde gått igjennom nokon av leikane tok vi ein mat pause. Etter mat lærte vi den nye trivselsleiar-dansen.

På slutten fekk vi fri til å gjere og leike som vi ville.»

(Skrevet av Marie – Helene, Aron F, Pola og Leon i regi av elevrådet).

 

 

Bilde 3.jpg - Klikk for stort bilete

                 Bilde 4.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Det var veldig kjekt å vere vertskap og få vise fram den nye kunstgrasbana vår.

 

Bilde 5.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

-Ingrid L. Myrstad (elevrådskontakt og TL-ansvarleg ved Solund barne- og ungdomskule).

Publisert av Marit Utvær. Sist endra 02.10.2017 av Marit Utvær
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering