Kunngjering start reguleringsarbeid Hardbakke hamn/sentrum

Utsikt frå Ramnenipa - Klikk for stort bilete

Det vert med dette kunngjort start av arbeid med reguleringsplan for Hardbakke hamn/sentrum, jf. Plan og bygningslova §12-3 m.fl. Grunneigarar, naboar og andre som kan ha interesse av planarbeidet vert varsla med brev.

I planområdet er det pr. i dag etablert fleire aktivitetar, servicebygg, kai for lastebåt med lager, privat småbåthamn, to badeviker, parkeringsareal, private bustader, offentlige kontor, sjøhus/sjøbu/naust, kommunal kai med gjestehamn og flytebrygge for ambulansebåt, drivstoffanlegg, to områder avsett til avfallsconteiner, næringsområde og område for almennyttige føremål/grendahus.

Planen skal bygge på gjeldande kommuneplan, arealdelen. Det kan bli aktuelt med endring av gjeldande reguleringsplanar. Planarbeidet har etter kommunen sin vurdering, ikkje krav til planprogram eller konsekvensutgreiing. Kunngjeringa vil bli annonsert i avisa Firda og bli lagd ut på kommunen si heimeside.

Sjå kart der blå line viser plangrense. (JPG, 182 kB)

Nærare opplysningar om planarbeidet kan ein få hjå Solund kommune.

Innspel/merknader til planarbeidet sendast innan 22.06.2017 til Solund kommune, Kommunehuset, 6924 Hardbakke eller post@solund.kommune.no

Kommuneplanens arealdel med føresegne og konsekvensvurderingar finn ein på denne sida.

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 16.05.2017 av Mark Elvevåg