Små grep – store helsegevinstar

Aktivitet - Styrk app.png - Klikk for stort bilete

Valet om vi skal starte med gode helsevanar starter ikkje i morgon. Det startar kvar dag. Kvar dag vi dreg på jobb eller står opp og møter dagen på anna vis, når vi handlar i butikken og når vi møter andre m.v. Det er desse kvardagsvala som er med på å bestemme helsa vår.

Med støtte frå Gjensidigestiftinga arrangerte derfor kommunen ved Folkehelsekoordinator og Frivillegsentralen kurset «Små grep – store helsegevinstar» i lag med idrettslaga.

Rundt 30 deltakarar møtte på kurset 29.3.2017, og fekk både sunn mat, kunnskap og trim. Målet og temaet var korleis ein kan få gode vanar rundt aktivitet og kosthald inn i kvardagen, med små grep og store helsegevinstar.  

Her kan du sjå gjennom kursinnhaldet, som er basert på Helsedirektoratets råd og anbefalingar. Brosjyrar og personleg aktivitetsdagbok kan hentast hjå folkehelsekoordinator.
 

Aktivitet og motivasjon

Visste du at dei fleste vaksne trimmar eigenmosjon, slik som turgåing, fjelltrim og liknande? Trim treng ikkje skje på fotballbana eller som sliten på kveldstid. Du kan like gjerne sykle dine anbefalte 30 minutter til og frå jobb, ta ein tur og sjå på været eller ta pausetrim frå kontorstolen.  

Kosthald

Visste du at salt er ein av vår tids største helsetrugslar, men at det er lett å lukkast med å minske inntaket ved å gjere det gradvis? Og at eit godt kosthald ikkje berre minskar risikoen for fysisk uhelse, men og har god påverknad og på den psykiske helsa?

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 04.05.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering