Vi treng nokre foreldre - vil du vere med?

Klikk for stort bilete

Hilde Marit N. Trovåg, Anne Lerpold, Linda Kristin Pollen Sundal og Liv Helene Hansen kursar seg for tida i rettleiingsprogrammet ICDP, og treng frivillige foreldre som har barn frå 0-18 år.

For at vi skal bli sertifiserte ICDP-rettleiarar, må vi gjennomføre 8 møte med 6-8 foreldre i ei foreldregruppe. Det kan bli morosamt, og heilt sikkert lærerikt for alle partar!!

 International Child Development Program (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggande program som har som mål å styrkje omsorga og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot omsorgsgjevarar og skal styrke deira omsorgskompetanse.

Les meir og finn kontaktinformasjon her. (PDF, 540 kB)