OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Velkomen til vår nye nettside

Vi er glade for å kunne lansere den nye nettsida vår.

Sida stettar kravet til universell utforming slik at den skal vere lett tilgjengeleg for alle. Vi har hatt som mål at språket på nettsida skal vere lett å forstå for alle, og håper vi har lukkast med det.

Som de vil sjå er det enkelte tenester som ikkje har innhald enno, dette kjem etter kvart som ting blir klart.

Tenestemenyane

Den viktigaste funksjonen på nettsida er å informere om tenestene våre og setje deg som innbyggjar i stand til å utføre det du besøkjer sida for å få gjort.

Ei føremon på den nye sida er stikkorda under tenestemenyane, desse skal gjere det lettare å finne rett plass å leite på. Du kan sjølvsagt og bruke søkefeltet på sida.

Vårt mål - ei levande nettside

Vårt mål er at nettsida skal vere lett å finne fram på og aktuell i høve dei hendingane som er mest aktuelle avhengig av tid på året 

For å finne lett fram på nettsida har vi snarvegar og ein menyknapp i toppen av sida.

Vi har óg såkalla fokusknappar i banneret der vi vil legge lenkjer til sesongaktuelle ting. Eksempel på dette er

  • lenkje til turistinformasjonen no når sommaren står for døra 
  • lenkje til skuleruta når det nærmar seg skulestart 
     

Vi tek gjerne imot innspel

Vi håper du vil ta dykk tid til å sjekke ut sida.

  • Finn du det du leitar etter? 
  • Er det lett å gjere det du kom for?
  • Er språket forståeleg?

Kom gjerne med innspel til oss.

Nederst på alle sidene finn du det same punktet som var på den gamle sida:

Her kan du ved å trykke på knappane "Ja" eller "Nei" legge inn kommentarer og forslag til forbetringar

Til toppen