Vedlikehald på kyrkjene.

2008 - Klikk for stort bilete  

Vi ynskjer å informere om at det i desse dagar startast naudsynt, ytre vedlikehald av kyrkjene. I fyrste omgong gjeld dette Husøy og Solund kyrkje.

 

Arbeidet er avhengig av sesong, og lyt utførast på denne tida av året. Det vil derfor vere stillas og kanskje presenning å sjå ved dei to kyrkjene, ved 17.mai, konfirmasjonstider og andre arrangement framover. Vi vonar dette ikkje er til ulempe for nokon.

 

Meir informasjon ventast å finne på internettsida www.solund.kyrkja.no etterkvart.

 

Evt. spørsmål kan rettast til kyrkjeverja på telefon 57 78 62 09, mobil 413 08 083 eller på epost kyrkjeverja@solund.kyrkja.no

Fann du det du leitte etter?