Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

Solnes 2017 03 30.JPG - Klikk for stort bilete

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i deler av reguleringsplan for Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22, i Solund kommune.

Solnes AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Området ligg om lag 7 km vest for Hardbakke som er administrasjonssenteret til Solund kommune. Planområdet består i hovudsak av eigedom gnr. 15 bnr. 4. Planområdet er regulert til bla. bustad, konsentrert fritidsbusetnad, næringsbygg og småbåthamn i gjeldande reguleringsplan «Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22.» (Planid: 1412-201203). Tilstøytande areal er i kommuneplanen avsett til LNFRN-område.

Ein vil gjere følgjande endringar i planen:

1. Flytte tilkomst til fritidsbusetnaden nord i planområdet for å sikre ei etappevis utbygging.

2. Utvide område ved parkeringsareal (PP01) midt i planområde til mellombels rigg og anleggsområde.

3. Justere næringsområde (N02) ved kaia sør i planområdet ut i frå eksisterande bruk.

Dei eksisterande føresegnene (datert 24.01.12), er noko endra med tanke på ei etappevis utbygging. For å sjå dokumenta tilknytt endringa sjå www.ardarealplan.no.

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa kan sendast til Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til post@ardarealplan.no.

Frist for merknader er satt til 29.04.2017.

Meir informasjon kan du få ved å kontakte Ard arealplan as på tlf. 55 31 95 00

 

Vedlegg:

Solnes 2017 03 30 (PDF, 113 kB)

16051_Solnes_varselkart_29 03 2017_A3 (PDF, 384 kB)
 

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 30.03.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering